Helsing frå styret i NSF-LSL Hordaland

Styret i NSF LSL Hordaland

Øverst frå høgre: Kasserar Siv Kruger Claussen, styreleiar Silje Strand Skauge, nestleiar Lisbet Viken Aasarmoen, sekretær Birte Fagerdal, styremedlem Hege Cecilie Sørbye, 2. varamedlem Elena Sandgathe, og 1. varamedlem Tone Steinfeldt.

I koronaåret 2020 - så var ikkje aktiviteten i LSL Hordaland den største. Dei planlagde aktivitetane måtte utgå, og styremedlemmane hadde nok med å styre skuta på sine arbeidsplasser, i samband med pandemien. Og slik fortsett historia inn i 2021, sjølv om kvardagen har normalisert seg litt, sammenlikna med korleis ein hadde det i mars 2020. Styret er i gong med meir regelmessig aktivitet igjen, og har sine månedlige styremøter, i digital drakt. Vi gler oss til verda igjen blir slik at vi kan treffast, og til vi igjen kan planlegge aktiviteter der vi kan vere i lag, både på styremøter og på fagcafeer.

Sjølv om vi er midt i ein pandemi, og mykje arbeid vert hindra av det, så har vi ikkje stoppa heilt opp. Leiing er ei satsing for norsk sjukepleiarforbund, både nasjonalt og lokalt, etter vedtak frå førre landsmøte. Vi gler oss over at NSF sett leiing på dagsorden.

Kva treng leiarane våre? Dette viktige spørsmålet, stiller forbundsleder i NSF, Lill Sverresdotter Larsen seg i denne nyhetssaken, og ho sei noko om kva ein får att for å satse på sjukepleieleiarane;

«Effekten av å ha en leder som klarer å satse på kompetanseheving, fagutvikling og nærledelse viser seg i økt pasientsikkerhet, tjenester av bedre kvalitet til våre pasienter og et fagmiljø som rekrutterer og beholder livsnødvendig kompetanse».

Vi i LSL er glad for at dette blir løfta, for her ligg sjølve motivasjonen for å stå i tøffe stormar - vi veit at når vi gjer jobben vår, så er det pasienten som blir vinnaren.

For å gjere denne jobben, så trengs det gode arbeidsvilkår. Og Lena Røsæg, som er fylkesleiar i Troms og Finnmark, ho treff spikaren på hovudet, når ho skriv om leiarane, som under pandemien i lag med resten av helsetenesten, har vore under sterkt press: " Hvis sykepleielederne som skal styre oss gjennom denne pandemien skal klare å fortsette å lede og være i jobben, må de anerkjennes. Sykepleiere vet at det ikke er nok med applaus og klapp på skulderen. Lederne må avlastes, de må få ressurser som gjør at de kan gjennomføre arbeidsoppgavene sine, og de må få lønn for ekstraarbeidet."

Underteikna, har i den seinare tida fått lov å være med på fleire medlemsmøtar for leiarar, både for leiarar i sjukehus, og i små og mellomstore kommunar. Det er kjekt for leiarar og treffast, og det er kjekt for oss i LSL å få høyre korleis ståa er der ute. NSF har stilt med dedikerte rådgjevarar som tek ta i viktige tema, når det gjeld arbeidsforhold til leiarane der ute. Som leiar er det ikkje alltid lett å vite korleis fagforeninga di kan vere der for deg.

Vår oppfordring er å ta kontakt med ein tillitsvald, dei er der for deg og, når det gjeld arbeidsforholdet ditt. Du kan og ta kontakt med rådgjevarane på fylkeskontoret. Der er det fleire som jobber med leiarsatsinga til NSF. Og så håper vi at vi i faggruppa kan bidra med fagleg påfyll når den regionale leiarkonferansen, blir arrangert - dog som webinar denne gongen, 4. Mai.

Har du noko på hjartet? Vi blir glad for tilbakemelding - send oss gjerne ei melding på facebooksida vår - eller ta kontakt med meg på telefon 46860765

beste helsing Silje Strand Skauge - på vegne av styret i LSL Hordaland