Slagrehabilitering i endring

Marita Lysstad Bjerke

Den 22.mai arrangerte Arbeiderpartiet i lag med LHL Hjerneslag og Sunnaas sjukehus eit Stortingsseminar om hjerneslagrehabilitering. Fagfolk og representantar frå pårørande og brukerorganisasjonar var samla til eit dialogmøte om utfordringar innan slagrehabilitering og kva fokus ein bør ha i framtida. NSF SLAG var representert ved Marita L. Bjerke, Inger Helene Brandsar og Åshild Vikan.

Dagens økonomiske utfordringar innan helsevesenet berører også slagrehabilitering. I dei seinare åra har ned vore ei nedbygging av senge-plassar innan spesialisthelsetenasta, uten at det har vore ei tilsvarande oppbygging i kommunane. Undersøkingar viser også at det er stor ulikskap i rehabiliterings-tilbod kvar i landet ein bur. Tilbodet til born og unge med hjerneslag viser også ulikheter. Kronikken i Dagbladet 22.05 angåande manglande logopedtilbod til slagramma er også alarmerande. Dette er viktige problemstillingar som vi i NSF SLAG ynskjer fokus på, og vi ynskjer å vere aktiv med i debatten om korleis slagrehabiliteringa skal sjå ut i framtida. 

Kva kan vi lære av den danske modellen? Frank Becker, klinikkoverlege ved Sunnaas sjukehus hadde eit innlegg om dette. I vinter var Helsedirektoratet og representantar frå slagorganisasjonar og Sunnaas sjukehus i Danmark for å sjå korleis dei jobba innanfor slagrehabilitering. Danmark har dei siste åra hatt ein revisjon av slag-rehabiliteringa og innført eit «forløpsprogram». Dette programmet kan samanliknast med vårt «pakkeforløp» fase 1 og 2. Men den store forskjellen er at Danmark sin modell er mye mer detaljert og målet er at pasienten til ein kvar tid har rett behandling på rett nivå. På sjukehuset blir det utarbeide ein detaljert behandlingsplan (av eit tverrfagleg team) som skal følge pasienten i heile rehabiliteringsforløpet. I tillegg har kvar kommune ein hjerneskadekoordinator som skal sørge for at dei aktuelle pasientane får sin lovfesta rett til rehabilitering uavhengig av kvar dei bur, og hjelper den slagramma å finne fram i rehabiliteringsprossessane. Det skal seiast at dei danske kommunane er i storleik på størrelse med norske bykommunar. Med tanke på at det i norske kommunar har vore lite fokus på rehabilitering er det åpenbart at vi har noko å hente på bygge faglege sterke miljø i førstelinjetenesta. 

Indre Østfold har tatt den utfordringa. Der har sju kommunar slått seg i lag og og etablert eit tilbod til slagpasientar som treng behandling/støtte. Teamet består av ulike fag-grupper som har som mål å gje pasienten tidlig vurdering, koordinering av tilbod og igangsetting av tiltak. Dei jobbar med å få ein god overgang frå sjukehuset til heimkommune. 

I tillegg trengs det politisk vilje til å satse på å gje eit betre logoped-tilbod til personar som er råka av afasi. Undersøkingar som Afasiforbundet har utført viser at så mange som 62% av kommunane ikkje har logopedtilbod til vaksne, og 75% manglar kompetanse for å gje opplæring i kommunikasjonsstrategiar for dei som jobbar med personar som har afasi.

Norge har høg overlevelse av personar som blir råka av hjerneslag, utfordringa er livet som skal leves etter overlevning for pasientar og deira pårørande. Her må vi i større grad sørge for at den slagramma får det riktige tilbodet på det riktige nivået – til riktig tid. NSF SLAG meiner mykje av det som ligg bak den danske modellen kan overføres og tilpassast også her i landet, til det beste for de slagramma og deira pårørende.

Av Åshild Vikan, spesialsjukepleiar, Mork rehabilitering og styremedlem NSF SLAG og Marita Lysstad Bjerke, helsefagleg rådgevar LHL Hjerneslag og leder NSF SLAG