Gratis fagkveld for medlemmar i Sogn og Fjordane 01.10.2019

Av Gunn Bortheim Odéen, e-post kke-vest@nsf.no, 05.09.2019
  • Sted: Thon Hotel Jølster, 6841 Skei
  • Tidspunkt: fra 01 oktober 18:00 til 01 oktober 21:00
  • NSF Sogn og Fjordane inviterer medlemmane i fylket til gratis fagkveld på Thon Hotel Jølster, Skei 1. oktober 2019

Tema for kvelden er "Sjå, lytt og rock kvarandre fram!"

Du som er medlem av NSF Sogn og Fjordane vert invitert til å delta på gratis fagkveld med føredragshaldarane:

Synneva Erland - kommunikasjonsekspert, songar og skodespelar. Gjennom hennar føredrag får du kunnskap om kommunikasjon og korleis di utstråling påverkar andre i kvardagen. Du lærer korleis du kan bli ein betre kollega, leiar og medmenneske.

Lill Sverresdatter Larsen - sjukepleiar med master i helsefag. Hennar fokusområde er helsepolitikk, eldreomsorg, demens, psykisk helse, rus og urfolk. Ho vil formidle kunnskap om pårørande og sjukepleiarar si erfaring med samhandling i demensomsorga.

Håpar du vil sette av kvelden for å komme og høyre dei!

Reiseutgifter vert ikkje dekka, enkel servering.

Tid: 1. oktober 2019 kl. 18.00-21.00 (registrering frå kl. 17.30)
Stad: Thon Hotel Jølster, Skei
Tal plassar: maks 80 deltakarar

No-show avgift: kr 200
Om du uteblir frå arrangementet utan å gje tilbakemelding på førehand kan du bli fakturert for "no-show" avgift på kr 200,-.
Du kan sjølv melde deg av arrangementet inn til påmeldingsfristen går ut 22.09.2019.

Påmeldingsfrist: 22. september 2019

Når du klikkar "Send påmelding" vil du straks få ei kvittering på e-post om at du er meldt på.
Om fagkvelden vert fullbooka og du kjem på venteliste vil du få medling om det ved påmelding. Du blir kontakta dersom det vert ledig plass.

Påmeldingsskjema viser kun for dei som er innlogga.

Medlem av Akademisk Studieforbund