Sjukepleiarprisen 2018

Av Sjukepleiarprisen, 10.08.2018

Kjenner du ein sjukepleiar som kan være kandidat til årets sjukepleiarpris? Juryen oppfordrar til å sende inn forslag på kandidatar. Frist 14. oktober 2018.

Sjukepleiarprisen skal fremje ei sjukepleieteneste i Florence Nightingale si ånd, tilpassa det moderne samfunnet. Prisen skal vere ein motiveringsfaktor i arbeidet med å fremje sjukepleiekvalitet i praksis og stimulere til eit godt og inspirerande undervisningsmiljø for sjukepleiarstudentar. Sjukepleiarprisen skal fremje aksept for sjukepleie som fag og teneste og vere med å verne om verdiar som fremjar helse, og tek vare på menneske med sjukdom og skade.

Om juryen får inn nok kandidatar som stettar kriteria vert prisen delt ut. Alle kriteria treng ikkje vere oppfylte. Geografi, fagfelt eller tariffområde er ikkje kriterium. 

 

Prisen:

  • Kunstverk og diplom med juryen si grunngjeving for tildelinga.

Prisen kan delast ut til medlemmar av Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane dersom ho/han:

  1. utøver sjukepleie og/eller gjev rettleiing av høg kvalitet til sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar, anna helsepersonell,  personar i helsefagleg utdanning, og pårørande.
  2. har gjort ein særleg innsats for å  halde på og utvikle ei sjukepleieteneste og eit læringsmiljø av høg kvalitet, og teke initiativ til å spreie kunnskapen også utanfor eigen arbeidsplass/-område.
  3. har teke initiativ til og sett i gang nye tilbod innan førebyggjande helsearbeid, sjukepleie- og helsetenester til pasientar og pårørande.
  4. har teke initiativ og/eller deltek i utviklings- og forskingsprosjekt knytt til sjukepleietenesta og bidreg til å spreie ny kunnskap.
  5. utmerkar seg som inspirator for kollegaer, nyutdanna sjukepleiarar, sjukepleiestudentar og tverrfaglege samarbeidspartnarar.
  6. gjennom si utøving av sjukepleie er med å fremje aksept for sjukepleie som fag og teneste, og verne om verdiar som tek vare på menneske med sjukdom og skade.

Kunngjering av prisen kjem på NSF si heimeside (www.nsf.no/sognogfjordane) og gjennom plakatar på arbeidsstadane. Prisen vert administrert av fylkeskontoret.

Forslagstillarar: Sjukepleiarar, studentar, pårørande, tilsette ved høgskule/vidaregåande skule, leiarar og andre med god kjennskap til praksis.

Frist for innsending av forslag: Forslag  skal sendast til fylkeskontoret innan 14. oktober. Fristen er absolutt. Ein oppmodar om at kandidatar som ikkje når opp eit år vert renominert av forslagsstillar neste gang prisen skal utdelast.

Juryen har 4 medlemmar oppnemnde av fylkesstyret;

  • ein frå helseføretak, ein frå kommunehelsetenesta, ein frå høgskulen og ein frå fylkesstyret

Juryen sit 1 år og konstituerer seg sjølv ved første møte. Ved fråfall gjennom året, utpeikar fylkesstyret nye medlemmar til juryen.

Publisering:

  • av innmeldte kandidatar på heimesida til NSF Sogn Fjordane med namn og arbeidsstad.
  • av prisvinnar vert gjort i aktuelle media i Sogn og Fjordane

Nytt vedlagt skjema ved innsending av kandidatar.

 

Sjukepleiarprisen 2018 - kriterie og skjema

 

Sjukepleiarprisen 2018 - skjema

 

Vi deler ut ei lita merksemd til ein av dei som sender inn forslag til kanditater.