Medlemstur for Seniorsjukepleiarar 22. mai 2017

Av Else Frøynes, 19.04.2017

Mandag 22. mai 2017 arrangerer Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane medlemstur til vakre Solvorn i Sogn.

Kvifor ikkje nytte ein av vårdagane i mai til å delta på ein tur til vakre Solvorn?

Frå Solvorn tek vi ferje til Ornes der vi skal besøkje Urnes Stavkyrkje. 
Etter omvising i stavkyrkja tek vi ferja tilbake til Solvorn og Walaker Hotell – Noregs eldste hotell. Der vert vi ynskte velkommen til Smalahuset og en to-retters middag til
kr. 450,- ca kl. 14:00.  Inkludert i prisen er middag, dessert og kaffi. 
I tillegg får vi omvising i Galleriet tilhøyrande hotellet.

Vi køyrer med privatbil og håper at nokon av dykk stiller som sjåfør med bil. 
Frå Sunnfjord startar vi frå Førde kl. 08:30 og regner med å ta ferje frå Solvorn kl. 11:00. 
Alle betaler for seg då Forumet ikkje har midlar til å dekke turen. 
Dei som stiller med bil og tek med passasjerar, får betalt for bil etter reiserekning.

Priser:

Ferje Solvorn-Ornes + retur    kr. 80,-

Omvising i Urnes Stavkyrkje    Kr. 90,-

 

Meld dykk på via linken nedanfor:

https://www.nsf.no/kurs-og-konferanser/3340612/123669

Bindande påmelding innan 5.5.