12 mai markering

Av Gunn Bente Levik, 12.05.2017

I dag har vi feira sjukepleiarane. Mange sjukepleiarar er i dag på vakt i vårt langstrakte land. I Naustdal kommune tok rådmann Øyvind Bang-Olsen på seg sjukepleiar uniforma for å få innsikt i arbeidskvardagen til sjukepleiarane.

Omlag 60 % av sjukepleiarane i Norge arbeider deltid. I Norge vert det utdanna ca 3500 sjukepleiarar årleg, samstundes forlèt ca. 5000 sjukepleiarar yrket kvart år.  1500 færre tilgjengelege sjukepleiarar årleg, er ei stor utfordring for norsk helsevesenet.

I Naustdal er dei heldige å ha fleire sjukepleiarar og nokre spesial sjukepleiarar. Dei trivast  i kommunen og har faglege utfordringar. Bang-Olsen kom ut frå pasient romma med eit smil om munnen. Eg egnar meg best til å snakke med pasientane seier han. Sjukepleiar Elisabeth Storehaug har det faglege overblikket og gir han instruksar om å skifte på ei seng. Noko han klarte fint.

GRATULERER MED DAGEN!

Helsesøster Solrun Krakhellen

 

Psykiatrisk sjukepleiar Anne Schei