Invitasjon til leiarkonferanse "Myndighet til å lede"

Av Gunn Bente Levik, 01.02.2018

Leiarmedlemmar på Vestlandet inviterast til leiarkonferane i Bergen 12.april. Konferansen har fått tittelen "Myndighet til å lede" med foredragshaldarar som Linda Lai, Lisbeth Norman og Marit Myklebust.  Konferansen er gratis for NSF-medlemmar som er leiarar. Dei 20 leiarane som får tilbod om kurset får gratis middag og overnatting.

Det er NSF Sogn og Fjordane, NSF Hordaland og NSF Rogaland som arrangerer denne regionale leiarkonferansen.  Eit spennande program der dei tre foredragshaldarar på kvar sin måte bidreg med sin kompetanse og sine erfaringar:

Marit Myklebust er sjukepleiar, tidlegare ordførar, starta Gatehospitalet i Oslo, er no dagleg leiar ved Fetsund behandlingssenter.

Lisbeth Normann er sjukepleiar, tidlegare leiar i spesialisthelsetenestene, tidlegare forbundsleder i NSF og statssekretær i perioden 2013–2017

Linda Lai er professor i ledelse og organisasjonspsykologi ved Handelshøyskolen BI

Konferansen er gratis for medlemmar. For medlemmer som reiser frå Rogaland og Sogn & Fjordane vil det bli høve å bestille ein «gratispakke» som innheld middag 11. april, overnatting og konferanse. Reiseutgifter må dekkast av den enkelte.

BEGRENSET ANTALL PLASSER

Meld deg på i dag! Endeleg program vert  publisert når alle foredragshaldarane er på plass.

https://www.nsf.no/kurs-og-konferanser/3720208/123669