Vårt hjarte bankar for deg!

Av Gunn Bente Levik, 13.02.2018

I morgon er det «Alle hjarters dag» og NSF i vestlandsfylkene vil nytte anledninga til å vise medlemmane at våre sjukepleiarhjarter banker for dei. I Sogn og Fjordane vil rådgivar og tillitsvalde besøke arbeidsplassar i Førde kommune. Samt ha konkurranse på Facebook med flotte premiar.

Kvar dag går tusenvis av sjukepleiarar på jobb for å hjelpe og tilby sine tenester til andre menneske som av ulike grunner har behov for en viktig teneste som sjukepleiarane utfører. Sjukepleiarane jobbar dag og natt, de hjelper barn, unge, voksne og eldre menneske, og dei utfører en svært viktig og nødvendig jobb for samfunnet. Sjukepleiarane sitt  arbeid har stor betydning for befolkningas helse, kvaliteten på helsetenestene og brukara og pasientars tilfredsheit. 

NSF i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil bruke Alle hjarters dag til å vise medlemmene at vi er opptatt av dei, for å vise befolkninga at vi sjukepleiarar bryr oss, og ikkje minst at det er viktig å ta vare på våre sjukepleiarar. 

Dermed er oppfordringa gitt –følg Facebook-sida vår  i morgon 14.februar. Kanskje er det ditt hjarte som gjer et ekstra hopp når vinnaren blir kåra.

Her finner du NSF Sogn og Fjordane sin Facebook-side (og er du ikkje ein av våre vel 1000 følgjarar allereie er du hjarteleg velkommen til å ha fast følge med oss, slik det seg hør og bør på alle hjarters dag..)

https://www.facebook.com/Norsk-Sykepleierforbund-Sogn-og-Fjordane-328407280693850/