Foreslå kandidatar til nominasjonskomiteen i Norsk Sykepleierforbund (NSF) Sogn og Fjordane

Av Gunn Bente Levik, 19.02.2018

Jamfør NSF sine vedtekter 4 B skal det veljast nominasjonskomite for gjennomføring av val i fylkesorganisasjonen.

Nominasjonskomiteen som består av leiar,  4 medlemmar og 4 varamedlemmar, har som oppgåve å førebu val av fylkesstyret og fylkesleddet sine delegat til NSF sitt landsmøte.  Komiteen lager innstilling til val som skal gjennomførast i NSF sitt fylkesmøte i mars 2019.

På bakgrunn av pågåande organisasjons prosess(OU) i NSF, er perioden til noverande fylkesstyre forlenga med 1 år til 2020. Landsmøte i 2019 skal ta stilling til korleis NSF skal organisere noverande fylkesorganisasjonar frå 2020.

Nominasjonskomiteen til fylkesmøte 2019 skal med grunnlag i kandidatforslag, berre gje innstilling til val av NSF Sogn og Fjordane sine delegat  til NSF sitt landsmøte i november 2019.  

Alle medlemmar registrert som medlemmar i Sogn og Fjordane er valgbare til nominasjonskomiteen.

Det må føreligg villigheitserklæring frå den føreslegne kandidaten.  Det er ikkje høve å foreslå seg sjølv til verv i NSF.  Frist for å forslå kandidatar er sett til 3. april 2018

Forslag og villigheitserklæring sendast til:  sognogfjordane@nsf.no

Føreslegne kandidatar til verv i nominasjonskomiteen vert  offentleggjort på NSF Sogn og Fjordane

sine heimesider seinast 30 april 2018.

Nominasjonskomitéen for fylkesmøte 2019,  vert valt  på hovudtillitskonferansen 14 mai 2018.

Med venleg helsing

Oddgeir Lunde

Fylkesleiar

Fylkesmøte Sogn og Fjordane 2019 - villighetserkæring nom kom.