Sjukepleiarprisen 2018 - årets kandidatar

Av Gunn Bortheim Odeen, 19.11.2018

Publisering av kandidatar til Sjukepleiarprisen 2018, NSF Sogn og Fjordane.

Innan fristen 14. oktober var det føreslege fire kandidatar til Sjukepleiarprisen 2018. Dei føreslegne kandidatane er:

  • Linda Hønsi, sjukepleiar ved Førde Helsetun, langtidseininga, Førde kommune
  • Lisbeth Sommer, fagutviklings-/intensivsjukepleiar, intensiv avdavdelinga, Førde Sentralsjukehus
  • Vigdis Årdal Sæterlid, sjukepleiar, palliativt team, kreftavdelinga, Helse Førde
  • Heimesjukepleien i Naustdal, Naustdal kommune

Juryen er i arbeid med å velje ut ein av knadidatane til Sjukepleiarprisen 2018. Prisen vil verte utdelt på tillitsvaldkonferansen til Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane den 28. november på Sciandic Sunnfjord Hotel.

Av forslagstillarane vart Berit Ullebust, Førde kommune, trekt ut til ei lita merksemd frå Norsk Sykepleierforbund Sogn og Fjordane.

Juryen sine medlemmar:

  • Toril O. Fjørtoft, Høgskulen på Vestlandet
  • Liv Stafsnes, kommunehelsetenesta
  • Siri-Merete Solheim, kommunehelsetenesta
  • Arthur Norevik, Helse Førde