Gratulerer til årets sjukepleiar i Sogn og Fjordane

Av Gunn Bente Levik, 30.11.2018

Vigdis Årdal Sæterlid er ein verdig vinnar av Sjukepleiarprisen 2018.

Juryen og NSF Sogn og Fjordane set stor pris på å få tildele Sjukepleiarprisen 2018 til ein god representant for sjukepleiarfaget, som med sin veremåte og gjennom si utøving av sjukepleiefaget sørgjer for ei helseteneste til det beste for pasientar, pårørande og kollegaer i spesialisthelsetenesta og kommunane. Vigdis Årdal Sæterlid utmerkjer seg med å utøve sjukepleie av høg kvalitet, i tråd med sjukepleiaren sin særeigne funksjon.

Ikkje utan grunn vert Vigdis kalla «mor palliasjon» blant kollegaer i Nordfjord, Sogn, og Sunnfjord. Det var ein audmjuk og rørt vinnar som onsdag tok imot hyllest frå fylkesstyre og tillitsvalde.