Fagkveld - Sjå, lytt og rock kvarandre fram!

Av Gunn Bente Levik, 05.09.2019

GRATIS FAGKVELD 1.oktober

NSF Sogn og Fjordane ønskjer medlemmar velkommen til gratis fagkveld 1. oktober på Thon Hotel Jølster, Skei.

Tidspunkt kl.18:00-21:00

Tema for kvelden er sjå, lytt og rock kvarandre fram! - Kommunikasjon og samhandling til det beste for kvarandre, pasienten og pårørande

SYNNEVA ERLAND – er kommunikasjonsekspert, songar og skodespelar. Ho har spisskompetanse på kommunikasjon, bedriftskultur og leiing.

I foredraget «Se, lytt og rock hverandre frem» får du kunnskap om kommunikasjon og korleis di utstråling påverkar andre i kvardagen. Du lærer korleis du kan bli ein betre kollega, betre leiar og eit betre medmenneske.

Lill Sverresdatter Larsen – er sjukepleiar med master i helsefag. Ho underviser ved institutt for helse- og omsorgsfag ved Universitetet i Troms, med fokus på helsepolitikk, eldreomsorg, demens, psykisk helse, rus og urfolk.

I foredraget «Ansvar for rolleforståelse i samhandling med pasient og pårørende?» formidlar ho kunnskap om pårørande og sjukepleiarar si erfaring med samhandling i demensomsorga. Foredraget tek utgangspunkt i Larsen si doktorgrad "å snakke på vegne av personer med demens"

PÅMELDING