Kandidatar til nominasjonskomiteen

Av Gunn Bente Levik, 03.10.2019

I mars 2020 er det val i NSF. Det skal veljast fylkesleiar, nestleiar og medlemmar til fylkesstyret. For å få gjennomført val er vi avhengig av ein nominasjonskomité som kan nominere føreslegne kandidatar - meld deg til teneste!

I november skal landsmøtet bestemme NSF sin framtidige struktur. Ulike modellar står på val, men uavhengig av det, må det oppnevnast ein nominasjonskomité som skal ivareta nominering av kommande val. Resultatet av modellval kan bli NSF Vestland eller som del av eit samarbeidsområde. I den forbindelse treng vi kandidatar, håper du ser på dette som eit spennande verv.

På bakgrunn av OU prosessen som har vore  i organisasjonen, har forbundsstyret bestemt at det skal veljast 5 medlemmar og 5 varamedlemmar. Nominasjonskomiteen konstituerer seg sjølv.

Vi ber om kandidatar innan 15.november, val av nominasjonskomiteen blir gjennomført på hovudtillitsvalt konferansen den 27. - 28. november 2019. Kandidatane til nominasjonskomiteen må bli føreslegne og dei må også seie seg villig til å stille. Villighetserklæring må fyllast ut og sendast til NSF Sogn og Fjordane.