Manglande sjukepleiedekning i kommune og sjukehus set bachelorutdanninga i sjukepleie i fare

Av Nina Horpestad, 14.02.2020

Dei hovudtillitsvalde i NSF ved Høgskulen på Vestlandet hadde fredag 14/2-20 innlegg i avisa Sunnhordland. Dei beskriv dei store utfordringane det kan vera med utdanna nok sjukepleiarar, om ikkje praksisplassane tek i mot nok studentar. Er bemanninga låg ute i praksis har det innverknad på kor mange dei kan veileda og ta inn på høgskulen. Fortsett det som no er det ein spiral som går nedover. 

Hele innlegget finner du her:

Manglande sjukepleiedekning i kommune og sjukehus set bachelorutdanninga i sjukepleie i fare

Studentane ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet skal etter forskrifta om helsefaglege utdanningar i Norge ha rettleia praksis. Tilsette i kommune og sjukehus må følgje opp og evaluere studentane saman med tilsette ved høgskulen.
Som hovudtillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet er me bekymra for korleis manglande rekruttering til ledige sjukepleiestillingar kan påverke sjukepleieutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Me er bekymra for om høgskulen i tida framover kan utdanne så mange som me gjer i dag.
Nasjonalt og lokalt er det i åra som kjem eit aukande behov for sjukepleiarar i kommune og i sjukehus. Befolkninga blir stadig eldre, og behovet for spesialiserte sjukepleieoppgåver vil auka. Høgskulen på Vestlandet utdannar om lag 500 sjukepleiarar i året, fordelt på fire ulike campi. I tillegg til at høgskulen og tilbyr fleire vidareutdanningar og masterutdanningar.
Som hovudtillitsvalde ved Høgskulen på Vestlandet er me bekymra for at manglande rekruttering av sjukepleiarar til kommune og sjukehus kan gjere at høgskulen ikkje kan ta opp så mange studentar som ein gjer i dag. I neste omgang vil nedgang i studenttalet gjere at ein får færre søkjarar til stillingar på sjukehus og i kommunehelsetenesta.
Som hovudtillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund ber me kommunane og sjukehusa i høgskulen sitt nedslagsfelt å ta grep å gjera det meir attraktivt å søkja seg til sjukepleiarstillingane, samt å gjera arbeidstilhøva gode slik at dei tilsette ikkje sluttar og går over til andre yrke.
Reidun Stavland
Stig R Pettersen
Kristin Mo
Toril Fjørtoft
Hovudtillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund, NSF ved Høgskulen på Vestlandet»