Samhandlingsreforma - ei kompetansereform i kommunane?

Av Oddgeir Lunde, 14.03.2012

Samhandlingsreforma er ei retningsreform der innsatsen skal dreiast mot tiltak for betre folkehelse, førebygging og eigenmeistring. Måla med reforma er å førebygge sjukdom, utsette sjukdomsutvikling og behandle mange fleire pasientar i kommunehelsetenesta. Det skal satsast meir på habilitering, rehabilitering og brukarmedverknad i helsetenesta. Utfordringsbildet gjev signal om ei meir heilskapleg, koordinert og kompetent helseteneste, skriver Oddgeir Lunde i avisen Firda. Lunde er fylkesleder for NSF i Sogn og Fjordane.

Norsk Sykepleierforbund (NSF) meiner ei løysing på noko av utfordringsbilde er å tilsette fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i kommunen. Nokre døme på spesialkompetanse som ein treng meir av i kommunane er: Helsesøster, jordmor, psykiatrisk sjukepleiar, geriatrisk sjukepleiar, kreftsjukepleiar, diabetessjukepleiar og lungesjukepleiar.

Det er helt nødvendig med ei systematisk og heilskapleg satsing på kompetanse i kommunane. Norsk Sykepleierforbund meiner at det må utarbeidast ein heilskapleg plan for kompetanseutvikling, både nasjonalt, i dei regionale helseføretaka , i helseføretaka og i kommunane. Investering i kompetanse må kome tydelig fram i dei årlege budsjetta. Kompetanse er eit relativt udefinert omgrep. Nøkkelkompetanse er kompetanse som må til for å løyse utfordringar kommunen står framfor. Nøkkelkompetanse er i liten grad spesifisert utover kva som er utdannings/kompetansekrav for helsepersonell i dei einskilde fagområde og profesjonar. Norsk Sykepleierforbund vil hevde at både sjukepleiarar med grunnutdanning og sjukepleiarar med ulik spesialkompetanse er nøkkelkompetanse for kommunane. Denne nøkkelkompetansen må rekrutterast til kommunane for å ivareta lovkrava sett i ”Lov om folkehelsearbeid” og ”Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester”. Dei nemnde lovkrava er uløyseleg knytt til rettane pasientane har til ei spesialisert og kompetent helseteneste i kommunane.

Kommunane må skaffe nok kompetent helsepersonell
Det føreligg i dag ingen total oversikt over ressursbruk knytt til kompetanseutvikling, enten det gjeld nivå eller prioriterte spesialområde. Inntrykket er at kommunane manglar ein heilskapleg oversikt over kva ressursar som vert brukt til kompetanseutvikling, kor ressursane vert brukt og om ressursbruken gjev ynskja effekt. Eit av kriteria for å kunne rekruttere og halde på kvalifisert helsepersonell er ved sida av god løn at det føreligger gode mogelegheiter for kompetanseutvikling. Dette er også ein føresetnad for ei vellykka samhandlingsreform i ein sektor som frå før har problem med å rekruttere sjukepleiarar. Eit systematisk arbeid med kompetanseutvikling blant tilsette i helse – og omsorgstenesta vert difor eit viktig tiltak. Omgjering av stillingar og auke av stillingar slik at ein får rekruttert fleire sjukepleiarar, helsesøstre, jordmødre, psykiatrisk sjukepleiarar, geriatrisk sjukepleiarar, kreftsjukepleiarar, diabetessjukepleiarar og lungesjukepleiarar er såleis viktige grep for å møte kompetanseutfordringa i samhandlingsreforma.

Mangel på kompetent helsepersonell er blant dei viktigaste utfordringane helsesektoren står overfor i åra framover. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har ved fleire høve uttrykt bekymring over utviklinga i kommunehelsetenesta både når det gjeld utbygging og kva kompetanse kommunane tilbyr sine pasientar. Konklusjonen til fylkeslegen er at kommunehelsetenestene brukar meir ufaglært arbeidskraft enn tidlegare. Dette må endrast om kommunane skal klare å møte utfordringa og krav i samhandlingsreforma.

Medisin og sjukepleie er fagområde i stadig utvikling. Dette krev kontinuerlig faglig oppdatering. Likevel opplever sjukepleiarar at tid og ressursar til faglig oppdatering, etter- og vidareutdanning vert rekna av arbeidsgjevar som eit personleg ansvar. Norsk Sykepleierforbund vil hevde at det er like mykje arbeidsplassens, pasientens og i samfunnet si interesse at sjukepleiar, helsesøster og jordmor sine kunnskapar og ferdigheiter vert utvikla og vedlikehalde. Kompetanseutvikling for tilsette er både eit individuelt og eit arbeidsgivar ansvar. Kommunane bør investere i kompetansebygging hjå sine tilsette, slik at pasientane får helsehjelp av trygge og kompetente helsepersonell.

Kvifor er rekruttering og kompetanseheving av sjukepleiarar viktig?
Kompetansen til tilsette har direkte verknad på kvaliteten av tenestene som vert tilbydd. Sjukepleiarane gjer ein kontinuerlige vurderingar av pasienten basert på sin kompetanse. Kompetanse og god systematikk er knytt til rutinar, internkontroll og standardisering av prosesser. Dette vil bidra til reduksjon av uønska hendingar og ivareta pasientsikkerheit. Svikt i rutinar og mangel på god internkontroll vert av helsetilsynet peika på som ein av dei viktigaste årsakene til feil som blir vert gjort i norske kommunar. Ved å rekruttere nok sjukepleiarar og sjukepleiar med spesialkompetanse vil ein få på plass god praksis og dermed færre feil og svikt i kommunehelsetenesta. God praksis vil bidra til god økonomistyring i kommunen. Leiarar og tilsette som tek rett avgjersle og som har god innsikt i optimal drift, vil bidra til at kapasitet utnyttast på ein effektiv og god måte. Det må vere døme på god økonomistyring. Investeringar i kompetansebygging er eit konkurranseføretrinn og vil redusere utskifting av helsepersonell. Kompetanseutvikling gjev tilsette mogelegheit til å verte dyktigare i arbeidet sitt, noko som aukar arbeidslysta og bedrar arbeidsmiljøet.

Lukke til med rekrutteringa.