Val

Ny frist: Nominasjon av delegat til landsmøte

Av Gunn Bente Levik, 14.01.2019

Under HTV-konferansen 14 mai 2018, vart det valt ny nominasjonskomité. Komiteen har som oppgåve å sørge for val av delegasjon til landsmøtet 2019, frå NSF Sogn og Fjordane. Valet skjer under fylkesmøtet 28. mars 2019.

Fylke sin nominasjonskomité skal gje innstilling til val av landsmøtedelegat. Komiteen ivaretek og dei valtekniske funksjonane, med assistanse frå fylkeskontoret.  Komiteen består av leiar Nina Kristin Holen, Iselin Hillersøy Tvenge, Anne-Margrethe Hjertenes og Christine Toft Figenschau. Vara er Britt Aarbergsbotten, Berit M. Johanssen Hornes,  Siri Hegge og Tom Nordstrand (liste med kontaktinformasjon sjå vedlegg).

Delegatane skal være med å bestemme NSF sin politikk dei neste 4 åra. Samt korleis NSF skal organiserast på fylkesnivå. Nominasjonskomiteen skal innstille 5 delegat samt 5 vara. 

NSF Sogn og Fjordane oppfordrar alle medlemmar til å føreslå kandidatar til landsmøtedelegasjonen i 2019.  NSF-medlemmar som høyrer til Sogn og Fjordan er valbare, men må sjølv erklære seg villig som kandidat. Kandidatar må føreslåast av eit medlem frå Sogn og Fjordane. Bruk skjema som ligg ved (sjå vedlegg).

Forslag på kandidatar til verv sendast til sognogfjordane@nsf.no innan 28.01.2019 E-posten merkast "Nominasjon" i emnefeltet.