Hjertedagen 2017

Vårt hjarte bankar for deg!

Av Gunn Bente Levik, 13.02.2019

I morgon er det «Alle hjerters dag».  NSF i vestlandsfylka vil nytte dagen til å vise medlemmane at våre sjukepleiarhjerter bankar for dei. I Sogn og Fjordane vil rådgivarar og tillitsvalde besøke arbeidsplassar i Sogndal, Leikanger og Balestrand kommune. Vi har også  konkurranse på Facebook med flott premie.

Kvar dag går tusenvis av sjukepleiarar på jobb for å utøve sitt fag og tilby sin kompetanse til menneske som av ulike grunnar har behov for hjelp. Sjukepleiarane jobbar dag og natt, dei møter barn, unge, voksne og eldre menneske, og utfører en svært viktig og nødvendig jobb for samfunnet. Sjukepleiarane sitt  arbeid har stor betydning for befolkninga si helse, kvaliteten på helsetenestene, brukarar og pasientar sin tilfredsheit. 

NSF Sogn og Fjordane vil bruke Alle hjerters dag til å vise sjukepleiarane at dei er viktige og at vi set pris på dei.  

Dermed er oppfordringa gitt –følg Facebook-sida vår  i morgon 14.februar. Kanskje er det ditt hjarte som gjer eit ekstra hopp når vinnaren blir kåra.

Her finn du NSF Sogn og Fjordane si Facebook-side (og er du ikkje ein av våre vel 1160 følgjarar allereie er du hjarteleg velkommen til å slå fast følge med oss, slik det seg hør og bør på alle hjarters dag..)

https://www.facebook.com/Norsk-Sykepleierforbund-Sogn-og-Fjordane-328407280693850/