Om INSF Vestland
I 2022 vart lokalgruppene for Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til INSF Vestland. Til sammen har vi 335 medlemmer. Våre medlemmer jobbar i heile Vestland fylke, nokre på spesialavdelinger på Voss, Lærdal, Eid, i Førde og Bergen. Andre bruker fagkunnskapen sin til å ta ansvar på lokalsjukehus, i kommunehelsetenestene og i utdanningssektoren.
Interessefeltet for medlemmene våre er bredt. Medlemmane er spreidde over eit stort geografisk område, men vi har god kontakt via nett på Facebook. Styret har representantar fra Stord, Førde og Bergen.
INSF Vestland arrangerer fagkveldar to gonger i året, arbeider med fagdag og loddtrekningar. Kom gjerne med tema de ønsker å høyre meir om - kanskje kjem det med på neste fagkveld.
INSF Vestland vil gjerne publisere fagartiklar, lesarinnlegg og forskingsartiklar på nettsida vår. Send gjerne mail til oss i styret når du eller kollegaen din kjem på trykk med sakar som handlar om Intensivfaget.