Novemberhilsen fra Reidun

Reidun Stavland

Nylig såg eg ein reportasje om afternoon the for bebuarane på ein sjukeheim på Askøy. Det minna meg om eit besøk eg og kollegaer fra dåverande Høgskulen Stord Haugesund hadde ved Lotte sykehjem i København, for ein del år tilbake. Sjølv om me alle hadde både lest om sykehjemmet og sett det på tv var det noko spesielt å få vera der å sjå og føla på stemningen. Det å sjå de gamle som sat ved bordet under lunsjen og skålte i stetteglass  med dempa pianomusikk i bakgrunn var veldig fint. No var nok desse bebuerane kanskje ikkje så sjuke som mange av dei som får plass på sjukeheim i Norge i dag, men samtidig handler det om holdningane de ansatte hadde til pasientane, og møtet mellom mennesker. Det er mange eksempel på slike tiltak fra kommuner og sykehus rundt omkring i Norge, og mange ansatte strekker seg langt for å gi bebuarane/pasientane gode opplevelsar og meining i kvardagen.  Å tenka utenfor boksen er viktig i mange samenhengar der ein har med mennesker å gjera. Om det er på sjukeheim, på sjukehus, eller om det er i møte med barn, ungdom eller menneske som nettopp har kome til landet.  

Mangel på kompetanse vil både gå utover de grunnleggende behova til pasientene i forhold til kunnskap og kompetanse knytta til stell, sengeleie og ernæring og eliminasjon, men også i forhold til dei psykiske og sosiale behova, og det å ha ein meining i livet. I møte med politikarar prøver me å beskrive arbeidskvardagen for våre medlemmer, for å gi de kunnskaper om korleis dagen er på eks ein sjukeheim. Det at eks det å gi ein pasient ein gode opplevelse knytta til måltidssituasjonen, og muligheten til å eta seg mett under kvart måltid faktisk kan både ta ein og to timar per pasient. I møte med ordføraren i Vik var også lønns og arbeidsvilkår av temaene som blei løfta fram. NSF meiner at lønn er eit godt virkemiddel. I tillegg til at bemanninga må stå i samsvar med behova hos pasientane.

Forbundsleder Lill Sverresdatter Larsen sitt mantra er at lønna må opp og belastninga må ned. Politikarane på si side vil i liten grad snakke om lønn som virkemiddel, sjølv om svært mykje av kommuneøkonomien i Vestland blir brukt på dyre ordningar med innleige fra vikarbyrå. Vestland fylkeskommune ligg som nr 2 i landet i bruken av vikarbyrå. Ei ordning som er uheldig både for kommuneøkonomien og utfordrande med tanke på kommunikasjon med brukera og pasientar. For kontinuiteten i tjenesten, arbeidsmiljøet for dei tilsette, og det å heile tida måtte  læra opp nye kollegaer. Det å fortelje politikarar og media om utfordringane som sykepleierane står i og om aktiviteten på eks ein sjukeheim gjennom ein dag, er viktig for å få de til å forstå kva belastningen handler om. Det er derfor gledelig at fleire sykepleiere skriv bøker om arbeidskvardagen sin, slik som Celine Roche nylig har gjort i boka «Bare en sykepleier».

De foretakstillitsvalgte i landet hadde nylig konferanse i Bergen. I den anledning var forbundsleder Lill Sverresdatter Larsen tilstede og holdt innlegg og fekk høyra om stoda i foretaka. Alle dei foretakstillitsvalgte fortel om auka pasientstraum inn til mottaksavdelingane, og at ressursane ikkje står i forhold til aktiviteten. Slik er det også i kommunane og i øvrige deler av helsetjenesten. Eg vil minne dykk om betydningen av å skrive avvik. Minn kvarandre på å skrive avvik når de er i situasjoner der de skulle ha gjort ei oppgave, eller de må avslutte oppgaver kanskje før oppgava er ferdig. Minn kvarandre på betydningen av å skrive avvik, for me kan ikkje «springe fortare». Manglande ressurser må dokumenteres, og konsekvensane av dei manglande ressursene må fram.

Pleien tar den tiden den tar. Avvik er viktig å skriva. Minn kvarandre på det. Både for å ha grunnlag for at det faktisk ikkje går å redusere stillingar. Me må faktisk tole at pasienter og pårørande klager. Men me må adressere klagene til dei som skal ha de. De som vedtar budsjett og dei som overfører midler.

Med vennlig hilsen Reidun Stavland