Trygg fødsel startar med jordmødrene – heime, på fødestove og på sjukehus.
5.mai er den internasjonale jordmordagen – ein dag for å hylle og anerkjenne det livsviktige arbeidet jordmødrer gjer.
Men det er òg ein dag for alvor. For sjølv i eit av verdas rikaste og mest utvikla land så er det ikkje lenger ein sjølvfølge at kvinner får føde trygt, nært og med kvalifisert hjelp.
Jordmødre er ryggrada i fødselstenesta. Dei følgjer kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barsel. Dei er spesialistar på normal fødsel, og dei utøver ein kombinasjon av høg fagleg kompetanse og menneskeleg nærvær som gir tryggleik i ein sårbar livssituasjon.
Likevel ser vi ei utvikling der stadig fleire jordmødrer slit seg ut, stillingar står ledige, og kvinner må reise stadig lenger for å få hjelp. Når fødeavdelingar og fødestover blir lagt ned, får det konsekvensar. Store konsekvensar.
Lang reiseveg aukar stress, usikkerheit og risiko.
Kvinner i distrikta må ofte reise timevis til næraste fødeavdeling. Dette er ikkje berre eit praktisk problem – det er ein reell tryggleiksrisiko. Vi snakkar om kvinner som føder i bilar, i ambulanser, og i vegkanten. Vi snakkar om barn som kjem til verda utan at helsepersonell er til stades. Vi snakkar om liv som blir sett i fare fordi avstandane har blitt for store og kapasiteten for liten. Lang reiseveg aukar stress, usikkerheit og risiko. Fødselen kan utvikle seg raskare enn forventa. Komplikasjonar kan oppstå – blødingar, pustevanskar, navlesnorprolaps. Då tel kvar einaste minutt. I verste fall står jordmor eller lege ikkje tilgjengeleg før det er for seint.
Mange kvinner fortel at dei kjenner seg utrygge gjennom heile den siste delen av svangerskapet – ikkje fordi dei fryktar sjølve fødselen, men fordi dei er redde for ikkje å rekke fram. Dette fører også til fleire igangsettingar og planlagde keisarsnitt. Det er ikkje nødvendigvis fordi det er medisinsk naudsynt, men fordi det er einaste måten å “kontrollere” logistikken på. Dette er ikkje ein forsvarleg praksis, verken for mor eller barn.
Samtidig ser vi at fleire kvinner vel heimefødsel – både som eit bevisst val, men også i nokre tilfelle fordi det opplevast tryggare enn å reise langt. Då er det heilt avgjerande at det finst jordmødrer med kompetanse, utstyr og støtte rundt seg til å gjere dette til eit forsvarleg tilbod.
Heimefødsel skal vere eit val - ikkje ei naudløysing
Heimefødsel skal vere eit val – ikkje ei naudløysing. Vi treng fleire jordmødrer. Vi treng ei aktiv satsing på jordmortenesta i både kommune- og spesialisthelsetenesta.
Vi treng vilje til å tenkje nytt – men også mot til å seie at ikkje alt kan sentraliserast. Ein fødeavdeling langt unna er ikkje eit reelt fødetilbod for ei kvinne som bur i ein kommune tre timar unna. Det er eit fareteikn. På jordmordagen bør vi ikkje berre takke jordmødrene for innsatsen. Vi bør krevje politisk handling.
Å føde trygt er ein menneskerett. Det er på tide at vi behandlar det som ein.
Mvh Reidun Stavland, fylkesleder Norsk Sykepleierforbund Vestland
Cecilie Hammersland, nestleder Norsk Sykepleierforbund Vestland