Der kom den store dagen. Vi har opna opp samfunnet! Eg er i lag med mange, letta. Men kanskje treng ein litt tid på seg til å ta inn over seg kva vi nettopp har vore vitne til, og kva vi nettopp har vore med på. Eg snakkar sjølvsagt om pandemien.
I dag las eg på NSF Viken si facebookside, om virksomhetsleder i Drammen kommune, Hilde Kristin Arnesen, som fortel om sine erfaringar:
"Det var så mye å gjøre at en jobbet fra morgen til kveld, den jula så ikke familien mye til oss. Det var først når dette var over at jeg kjente etter hvordan jeg hadde det. Jeg bearbeidet ved å være sammen med familien og gode venner som vil meg vel. Det var en utenom meg selv opplevelse. Jeg tar inn litt og litt og er ikke ferdig med det ennå, men å reflektere over det som nå er en bearbeiding for meg".
Her trur eg mange kan kjenne seg igjen. No som samfunnet har opna opp igjen, så er det viktig at ein tek tid til refleksjon. For seg sjølv, i leiargruppa si, og i lag med sine tilsette. Gro Kristine Kiil Larsen, sjukepleiaren som blei portrettert av gatekonstnaren AFK, fortel om mangel på kunnskap i helsetenesta. Mangel på kunnskap om korleis ein forebygger utbrenthet. Kan refleksjon være svaret? Kan vi lage system som tek høgde for tid til å få igjen pusten? Kan vi få ei bemanningsnorm som tek høgde for at ein treng meir tid til den langsomme pleien?
Det er ein viktig leiaroppgåve dette. Å skape rom. Utnytte rammane til det beste for pasienten. Ikkje sløse med dyrebare ressursar. No som vi er gjennom pandemien, så og seie, og samfunnet har opna opp, kan vi sjå framover. No er håpet at vi får tid til andre viktige oppgåver, no som koronaen har sluppet taket. Og det er overveldande, det som venter, etter ein lang periode med kriseleiing. Men og motiverande, gøy, og befriande.
I LSL Hordaland gler vi oss til å jobbe meir effektivt for den gode leiarkvardagen. Vi er tilbake til fysiske styremøter, og vi har i haust hatt ei etterlengta lokallagsleiarsamling i Oslo, kor vi planlegg for auka satsing på leiing i NSF. Vi det siste året vore med på fleire medlemsmøter dedikert kun for leiarar, i lag med flotte hovedtillitsvalgte som tek tak i nokon av dei utfordringane som leiarar opplever i arbeidsforholdet sitt, både i store og små kommunar, og i "gamle Hordaland", og "gamle Sogn og Fjordane".
Vi skriv enno NSF LSL Hordaland, men i desember blir det avhalden generalforsamling i NSF LSL, og då fortsett vi samanslåingsprosessen også i faggruppane, slik at vi bli NSF LSL Vestland, men leiarmedlem i "gamle Sogn og Fjordane", må gjere ta kontakt med oss dersom det er behov. For eit par veker sidan, så besøkte vi dedikerte leiarar i Vik i Sogn, som kunne bekrefte at det vi trur er utfordringsbilete rundt om, stemmer også der. Stort leiarspenn, tronge budsjett - og mangel på tid til strategisk tenkning. Ein blir "spist" av drifta. Kva kan ein gjere med det? Ein samla seg som eitt lag - og stå saman i front - for faget. Ikkje alltid lett, som leiar, akkurat det. Men oppfordringa gjev eg ut likevel - ta kontakt med oss i LSL om du har utfordringar som vi kanskje kan løyse i lag. I Hordaland har vi 80 medlemmer i faggruppa, og i Sogn og Fjordane har vi 8. Så her har vi moglegheit for vekst!
Programmet lokalt for hausten er enno ikkje klart, men vi tek sikte på å komme i gang før jul, og det blir etter gamalt arrangert regional leiarkonferanse etterkvart. Har du innspel til oss i NSF LSL, er det berre til å ta kontakt. Vi sett pris på det - og ser fram til å treffe deg, både lokalt, og kanskje på prekonferanse for leiarar på sykepleierkongressen i Desember.
Så må vi og ha litt reklame for webinaret "effective and visionary leadership", som skjer digitalt 27. og 28. Oktober. Korleis bør ein god leiar vere i stand til å leie, ikkje berre styre og administrere? Kvifor kan leiing bli einsamt, og kva kan vi gjere med det? Det er berre to av mange spørsmål som står på agendaen desse dagane. Programmet finn du her.
Beste helsing , på vegne av dedikerte styremedlem; Silje Strand Skauge, lokallagsleiar i NSF LSL Hordaland - snart Vestland