God sommer

styret

Styret i Jordmorforbundet NSF var nyleg samla i Lisboa for verdenskongress og styremøte. Vi har mange gode planar for resten av året og står samla i viktig arbeid.

Det nye styret for denne generalforsamlingsperioda har no eit halvt år på baken. Nokon er gamle kjente, andre er nye, leiaren er ny og handlingsplanen er kanskje litt annaleis enn før. Innkjøringa er gjort og vi har nyleg hatt nokon fantastiske dagar saman i Lisboa.

Vi set pris på arbeidet som har våre gjort over mange år og ser at Jordmorforbundet NSF er ei stemme som vert hørt i mange saker. Vi har hatt eit halvår med særdeles mange gjennomslag på Stortinget, vi har kjempa for ultralydutdanninga og fått gjennomslag der, vi har arrangert tidenes jordmorkonferanse (og gler oss til dei neste i åra som kjem!) og vi er synlege der vi skal.

Vi sett umåteleg pris på å høyre frå dykk der ute og vi minner oss sjølve heiletida på at det er dykk vi jobbar for. Når jordmødrene har det bra på jobb, vert omsorga god. Vi håpar at mange har svart på undersøkinga, då denne er avgjerande for godt politisk arbeid.

Vi er bekymra for sommaren enkelte stadar. Ikkje grunna dykkar kompetanse, for den er solid. Men grunna kapasitet. Dette er trist og vi lovar å jobbe vidare for at dette ikkje skal skje år etter år.

Vi håpar du får ein strålande sommar der du er! <3