Takk for tilliten de har vist meg. Takk for engasjementet de viser kvar dag. Og takk for alt arbeidet de legg ned for gravide, fødande, barselkvinner, nyfødde, kvinner gjennom heile livsløpet og familiane de møter.
Det siste året har tydeleg vist kor viktig jordmorfaget er. Samtidig har det vist kor sårbare delar av tenestene våre framleis er. Vi har stått i debattar om fødetilbod, fylgeteneste, bemanning, rekruttering, arbeidsvilkår og kvinnehelse. Vi har lyfta jordmødrene si stemme i møte med politikarar, helsemyndigheiter og media. Vi har sagt frå når tilbod vert trua, og vi har peika på løysingar når dei trengst.
Eg er stolt av det vi har fått til saman.
Vi har bidrege til å setje jordmorfag og kvinnehelse høgare på dagsorden. Vi har vist fram verdien av jordmødrer i heile helsetenesta. Og vi har synleggjort kor avgjerande gode arbeidsvilkår og tilstrekkeleg bemanning er for både kvalitet, tryggleik og pasientsikkerheit.
Samtidig veit vi at mykje arbeid står att.
Vi går inn i eit nytt år der kampen for betre fødsels-, barsel- og kvinnehelsetenester held fram. Vi skal arbeide for at jordmødrer vert i yrket, at fleire vert utdanna til jordmor, og at kvinner i heile landet får tilgong til trygge og likeverdige tenester. Vi skal halde fram med å vere ei tydeleg stemme for faget vårt og for kvinnene vi er til for.
Ingen leiar får til dette åleine. Vi har eit sterkt styre, vi har eit dyktig sekreteriat i trygge NSF og vi har engasjerte lokalgrupper og medlemmar.
Det som gjer inntrykk på meg, er alle dykk som engasjerer dykk lokalt, som er tillitsvalde, som engasjerer dykk i lokalgrupper, som tek ordet i møter, som deler erfaringar, kjem med innspel og bidreg til å styrkje fellesskapet vårt. Det er de som gir kraft til organisasjonen vår. Vi veit ikkje kva som foregår ute viss ikkje dykk seier ifrå.
Å besøke dykk der dykk er er det som gir oss desidert sterkast pondus i møte med beslutningstakarane. Dei konkrete eksempla.
Difor går eg inn i advendt med stor audmjukheit for rolla eg har fått, og med stor tru på det vi kan få til saman.
No håpar eg de får ei roleg førjulstid og jul med tid til kvile, gode stunder med dei de er glade i, og rom for å hente ny energi.
Neste år håpar eg at eg ser mange av dykk på vår jubileumskonferanse i Haugesund i mai.
God førjulstid. Det som vart feil i 2026 pakkar vi ned i himmelsk korrekturlakk og resten tek vi med oss vidare. Ta vare på kvarandre.
Vennleg helsing
Sara Fugledal Wiik
Leiar, Jordmorforbundet NSF