Gratulera med sjukepleiardagen til alle sjukepleiarar.

Fylkesleiar Reidun Stavland, nestleiar NSF Kai Øyvond Brenden, fylkesnestleiar Cecilie Hammersland

Reidun Stavland, Kai Øivind Brenden, Cecilie Hammersland

Fylkesleiar Reidun Stavland, og fylkesnestleiar Cecilie Hammersland ynskte alle velkomen og leia oss gjennom heile kveldens program, med besøk og innlegg frå nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Kai Øivind Brenden.

Den internasjonale sjukepleiardagen vart i år markert med ei storslått samling i Bergen. Samlinga vart ein møtestad for fagleg tilhøyrsle, inspirasjon og anerkjenning av den viktige innsatsen sjukepleiarar gjer kvar einaste dag.

Dagen ga rom for både refleksjon og feiring. Sjukepleiar si rolle i helsetenesta er meir sentral enn nokonsinne, og markeringa satte ljos på både utfordringar og moglegheiter i yrket. Gjennom fagleg påfyll, gode samtalar og eit sterkt fellesskap vart det tydeleg kor viktig det er å løfta profesjonen og synliggjera kompetansen som ligg i sjukepleiarrolla.

Eit av dagens høgdepunkt var utdelinga av Sjukepleiarprisen 2026. Prisen vart delt ut til sjukepleiar Renate Ness frå hematologen i Helse Bergen. Vinnaren vart heidra med ståande applaus frå salen – ei tydeleg anerkjenning frå Vestland sine sjukepleiarar.

Vinnar sjukepleiarprisen 2026 Vestland
Vinnar av sjukepleiarprisen 2026, Renate Ness frå hematologen i Helse Bergen

Ho har utmerka seg med:

•  Setter alltid pasientenes behov først – med omsorg, mot og handlekraft

•  Har enestående ansvar for ECP behandling og sikrer trygg og sømløs oppfølging

•  Imponerende fagkunnskap og presisjon – oppdager feil og sikrer kvalitet

•  Husker pasienter, diagnoser og detaljer som skaper trygghet og tillit

•  Støtter og løfter kollegaer – ser mennesker og står opp for rettferdighet

•  Trygg, rolig og ledende i akutte situasjoner

•  Bidrar til et støttende og trygt miljø som gir pasienter og kolleger mestring og ro

•  En sykepleier som gjør andre bedre, og som avdelingen ikke kunne vært uten

I tillegg vart óg Sjukepleiarleiarprisen 2026 delt ut til Kristin Eikeland Haukeland, som er avdelingsleiar i heimebaserte tenester i Bjørnafjorden kommune. Denne prisen løftar fram tydinga av eit godt leiarskap i helsetenesta.

Vinnar sjukepleieleiarprisen Kristin Eikeland Haukeland 2026
Vinnar av sjukepleieleiarprisen 2026 Kristin Eikeland Haukeland, frå heimebaserte tenester i Bjørnafjorden kommune.

Ho har utmerka seg med:

•  Viser sterk faglig kvalitet og setter både pasienter og ansatte i sentrum

•  Bygger trygge, kompetente og motiverte medarbeidere som grunnlag for gode tjenester

•  Har skapt et arbeidsmiljø med høy trivsel, gode ordninger og sterk faglig stolthet

•  Utøver målrettet ledelse preget av tillit, tydelighet og ekte engasjement

•  Løfter fram sykepleiefaget og sikrer at sykepleierrollen får den plassen den fortjener

•  Er en synlig, tilgjengelig og rettferdig leder som inspirerer, støtter og utvikler

•  Viser omsorg for pasienter, pårørende og ansatte, og sikrer høy faglig standard

•  En ildsjel og et forbilde som gjør en tydelig forskjell i tjenesten

Stemninga gjennom arrangementet var prega av ei tydeleg kjensle av stoltheit og samhøyrsle.

Dei nominerte til prisane i 2026 var mange, og det er ei æra i seg sjølv å vera kandidat.

Sjukepleiarprisen:

Thea Ljotebø

Randi Tyse

Bodil Kristin Leivdal

Brita Marie Kvarekvål

Charlotte Brynildsen

Bodil Kristin Leivdal

Melissa Ann Barone-Heggøy

Linn Petterson

Daniel Madsen

Andrea Hemnes

Kjell Vilsvik

Cathrine Gjøsund

Irene stensaker

Ingrid Espe

Christina Sleire

Frøydis Storsæter

Antonieta Dubduban

Renate Ness

Sjukepleiarleiarprisen:

Monica Bolstad

Marte Myklebust

Hilde Steinsli

Eli Naa

Nicholas Thoresen

Hanne Marie Aven

Monica Vindenes Bolstad

Helga Økland

Lillian Elisabeth Kollstrøm

Britt Helen Grindheim

Turid Kjenes

Åse Kristin Uglehus

Anette omvik

Cathrine Gjøsund

Kristine Yldirim

Linn Kristin Beinnes

Therese Svarstad

Kristin Eikeland Haukeland

May Britt Albrethson

Marte Myklebust

Akuttsjukepleiar Kaja Flatøy heldt eit inspirerande innlegg om arbeidsglede i motbakke, der ho sette ord på korleis ein kan halde motivasjonen oppe sjølv når kvardagen er krevjande. Ho la vekt på tydinga av meining i arbeidet, gode relasjonar og små steg framover. Gjennom konkrete døme synte ho korleis ein kan finne energi og glede også i utfordrande situasjonar, og korleis haldningar og fellesskap spelar ei viktig rolle for å meistre motbakkar.

Akuttsjukepleiar Kaja Flatøy
Akuttsjukepleiar Kaja Flatøy

Rapparen Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele) avslutta heile feiringa med ein flott konsert der stemninga i salen gjekk i taket, med ivrige som gladeleg song med frå salen.

Rapparen Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele)
Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele)

Sjukepleiardagen syner heilt tydeleg at den ikkje berre er ein symbolsk dag. Den er óg ein viktig arena der ein får synt fram at vi er ein livsviktig profesjon, og er ei berande kraft i vårt samfunn.

Det skal sjølvsagt feirast!