Saman er ein mindre åleine

HTV konferanse 2025

Det er ei god bok som heiter «Saman er ein mindre åleine». Det gjeld óg for alle NSF sine hovudtillitsvalde i Vestland fylke. Fagleg påfyll med opplæring trengs for å auka kompetansen, slik at dei har gode verktøy i vervet sitt.

Difor samlar vi dei på ein plass i to heile dagar, der det og er rom for deling av gode erfaringar og ikkje minst triveleg sosialt samvær. Dagen har vore tettpakka med tema som til dømes arbeidstid, trakassering, lønnsforhandlingar og val av nominasjonskomité for fylkesmøte 2027.

Sjå gjerne fleire bilete på NSF Vestland sin Instagram og Facebooksida.