Den 5. November 2020 kan vi lese i Sogn Avis at det blir retta sterk kritikk til rådmann i Sogndal for at det er gjort vedtak om å setja ut eit anbod på leiarutvikling. Norsk Sykepleierforbund i Sogndal kommune opplever at saka har vorte framstilt på ein uheldig måte for leiarmedlemmane våre.
Norsk Sykepleierforbund kan forstå skepsisen til innbyggjarar i Sogndal i forhold til korleis ein vanskeleg budsjettsituasjon kan forsvara å bruke tre millionar på leiarutvikling. Men, om ein les anbodet, så er det ikkje høge snittar og tvilsam konsulentbruk som er bestilt. Det som er bestilt er ein rammeavtale, som kjem heile 70 leiarar i Sogndal kommune til gode.
Inntil 80 prosent av beløpet blir dekka av KS sitt OU-fond. Då sit kommunen att med ein kostnad på 600 000 kr 300 000 pr. år i to år fordelt på 70 tilsette, som er omtrent 400 kroner per månad pr. leiar. Om ein bryt ned tala, gjev det altså eit litt anna perspektiv.
Leiarane i dei kommunale helsetenestene er viktig for drifta av kommunen sine helsetenester. Leiarutviklingsprogrammet som kommunen har bestilt handlar om å ruste dei kommunale tenestene, noko som er spesielt viktig som følgje av kommunesamanslåinga. Det er ei erfaring NSF har gjort seg i fleire kommunar dette året. At leiarane i alle sektorar, dreg lasset i same retning, og kjem i lag for å drive organisasjonsutvikling er viktig, særleg i ei stor omstilling som kommunesamanslåing er.
NSF trur leiarutviklinga vil koma pasientar, brukarar, og ikkje minst – dei tilsette i kommunen til gode. Norsk Sykepleierforbund vil oppmoda kommunestyret, som øvste arbeidsgjevar i kommunen, til å ta godt vare på alle dei gode fagfolka i kommunen – også mellomleiarane. Om ein har leiarar som ikkje utviklar seg i takt med resten av verda, så er det dei tilsette som aller først legg merke til det.
Norsk Sykepleierforbund har gjennom fleire år sett at rekruttering er vanskeleg i kommunal sektor. I haust presenterte NOVA rapporten 14/2020, «ei utvikling som må snus».
Rapporten syner at kommunal sektor er svært sårbar med tanke på å rekruttere og behalde sjukepleiarkompetanse. Det er også i tråd med NAV sitt arbeidslivsbarometer. Rådmenn og kommunedirektørar i heile landet seier at sjukepleiarar er den gruppa som er vanskelegast å rekruttere.
Norsk Sykepleierforbund vil difor anerkjenne kommunepolitikarane i Sogndal kommune som set leiaropplæring på dagsorden. God sjukepleieleiing er eit sentralt bidrag til ein kompetent, rett bemanna, godt koordinert og tilgjengeleg helseteneste, som har det nødvendige fokuset på høg fagleg kvalitet, pasientsikkerhet, aktiv brukarmedverknad, og ikkje minst eit forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette.
Avdelingssjukepleiarane har ansvar for alt dette som ein kan seie gjev komplekse utfordringar i arbeidskvardagen, ofte med døgnkontinuerleg drift.
NSF er glad for at Sogndal kommune gjer denne investeringa i god leiing. For god leiing er viktig for dei kommunale tenestene. Det er ikkje snakk om å gjera gull ut av gråstein, eller vatn til vin.
Ei heller er det snakk om å flotte seg med kommunale midlar. Men det er snakk om sikre befolkninga likeverdige og solide kommunale tenester, der leiarane kan bidra til å løyse oppgåvene på best mogleg vis, i lag med dei tilsette på golvet, i samspel med administrativ og politisk leiing.