Vi treng ei sterk stemme
Jordmødrer står i dag midt i viktige helsepolitiske diskusjonar om fødetilbod, bemanning, kvinnehelse, barselomsorg og kompetanseutvikling. Skal desse perspektiva bli høyrde når NSF vedtek politikk og prioriteringar for framtida, treng vi jordmødrer som deltek aktivt i dei demokratiske prosessane i moderorganisasjonen i tillegg til det faggruppa gjer.
Som delegat er du ikkje berre til stades. Du er med og bestemmer.
Delegatane har rett til å fremje forslag, ta ordet i debattar, foreslå endringar og stemme i sakene som blir behandla.
Ein unik moglegheit til å påverke
På landsmøtet blir det vedteke:
- kva politikk NSF skal føre
- kva saker NSF skal prioritere
- korleis organisasjonen skal utviklast
- vedtekter og organisering
- val til sentrale verv i NSF
For sjukepleiarar og jordmødrer som ynskjer å påverke utviklinga av både NSF og jordmorfaget, er dette den viktigaste arenaen vi har.
Kven kan stille?
Alle som blir valde gjennom fylkesledda kan møte som delegatar på landsmøtet. Delegatane representerer medlemmene som har valt dei og har stemmerett gjennom heile møtet.
Det viktigaste er ikkje at du kan alt frå før. Landsmøtet krev førebuing og engasjement, men delegatar får god informasjon og støtte undervegs. Som NSF sjølv understrekar: Du treng ikkje kunne alt, men du må vere førebudd.
Ei oppmoding frå Jordmorforbundet NSF
Jordmorfaget treng røyster som kjenner kvardagen i svangerskaps-, føde- og barselomsorga. Vi oppmodar derfor jordmødrer i alle fylke til å vurdere om dette kan vere noko for deg. Vi er opptekne av at også jordmødre er delegatar.
Har du meiningar om utviklinga av helsetenestene, utdanninga, arbeidsvilkåra eller NSF si framtid? Då håpar vi du vil stille som delegat.
Landsmøtet 2027 blir arrangert 15.–19. november 2027 i Oslo (på The Hub).
Vil du vere med og påverke? Snakk med fylkeslaget ditt og meld interesse for å stille som delegat. Jordmødrer si stemme trengst når framtida skal formast.