FTV Helse Førde

Lena Thorsnes, FTV Helse Førde

Mitt navn er Lena Thorsnes, 50 år. Eg blei ferdig utdannet sjukepleiar i 1995, og jobba i Helse Førde på Medisinsk avdeling i 2 år før eg tok vidareutdanning som Intensivsjukepleiar og var ferdig i 1999. Eg har jobba på Intensiven etter det.

Eg har vært hovedtillitsvalgt(Klinikktillitsvalgt) siden 2019, Foretakstillitsvalgt frå mars 2021 i 100 % frikjøp. Eg har vore tillitsvalgt mange år før jeg ble HTV.  I mitt HTV-område er vi 800 medlemmer, vi har 13 plasstillitsvalgte, men mangler nokon. Eg er og tilsetterepresentant i Styret i Helse Førde. Eg tykkjer det er veldig kjekt å vere TV og vere med å påvirke Helsevesenet i vår region og jobbe for best mulige arbeidsvilkår for våre medlemmer.

Eg har mykje å bruke tida mi på. På foretaksnivå er det deltakelse i ulike prosjektgrupper knytt til Nye Førde sjukehus og Pas helsetjeneste samt ei heil rekke utviklingsprosjekt, pandemihandtering og utfordringer som tek mykje tid. Vi får mange spørsmål frå medlemmer knytt til blant anna lønn og arbeidstid, og eg lærer stadig noko nytt.  Eg vil nevne fleire tilbakemeldinger eg har fått frå ledere i Helse Førde, spesielt frå seksjonsledere, som føler at dei har for mange oppgåver til å kunne vere gode ledere. Dei må gå mykje ute i avdeling og bruker ekstremt mykje tid på å leige inn folk ved fråver. Eg håper NSF vil jobbe for våre ledere framover. Eg vil i hvert fall prøve på det.

Vi har og ein viktig jobb å gjere når det gjeld å beholde og rekruttere sjukepleiarar og er glad for at vi har utarbeida ein rekrutteringsstrategi i Helse Førde som kan bli nyttig. Sjukepleiehøgskulen i Førde har vore og er ein viktig grunn til at rekruttering av AOI og sjukepleiarar har vore stabilt i mange år.

Eg vil ynskje alle TV og NSF medlemmar og alle andre ei god helg.