Desse fire punkta fekk fleirtal
- Styrka innsats mot fødselsdepresjon — Regjeringa blir bedd om å styrke førebygging og oppfølging av fødselsdepresjon og kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
- Påminning om fysioterapitilbod — Alle kvinner som har fødd skal få ei påminning via Helsenorge om å bestille konsultasjon hos fysioterapeut.
- Vidareutvikling av kompetanse i fødsels- og barselomsorga — Regjeringa skal sørge for at kompetansen i tenesta blir utvikla, med særleg vekt på førebygging av fødselsskadar, styrkt kunnskap om kvinnehelse og utvikling av beste praksis.
- Vurdering av utvida henvisnings- og forskrivingsrett for jordmødre — Regjeringa skal vurdere om jordmødre kan få utvida rett til å henvise til spesialisthelsetenesta og få forskrivingsrett for svangerskapsrelaterte medikament
Dok 8 forslaget i si heilheit kan du lese her: Representantforslag
– Utvida henvisningsrett og rekvisisjonsrett er noko Jordmorforbundet har jobba for i mange år. Dette vil gi betre flyt i tenesta, raskare hjelp til kvinnene og meir effektiv bruk av jordmødres kompetanse. At Stortinget no ber regjeringa vurdere dette, er eit svært viktig steg vidare, seier Sara.
– Perinatal mental helse må takast på største alvor
At førebygging og oppfølging av fødselsdepresjon blir styrka, er heilt avgjerande. Perinatal mental helse påverkar både mor, barn og heile familien. Jordmødre møter desse kvinnene tidleg og tett, og vi veit kor mykje det betyr at dei blir fanga opp og får hjelp i tide.