Fødselstalsutvalget har levert utredning

Sara Fugledal Wiik

Dette handlar om grunnmuren i norsk helsevesen. Skal vi ha fleire barn i Noreg, må vi starte med å gi gravide og nybakte foreldre ei trygg, kompetent og tilgjengeleg teneste. Det får du ikkje utan jordmødre, seier Wiik

Utvalet peikar på bemanningskrise, manglande kontinuitet og for dårleg oppfølging som reelle barrierar for både kvinnehelse og fødselstal.

Jordmorforbundet NSF meiner rapporten stadfestar ei utvikling jordmødre har varsla.

– Dette er ei påminning om at god jordmorteneste er ei av dei viktigaste investeringane Noreg kan gjere for framtida, seier Sara Fugledal Wiik, leiar i Jordmorforbundet NSF.

NOU-en viser til omfattande bekymringar frå nybakte mødre: underbemanning, lite tilsyn, manglande ammeoppfølging og kvinner som blir overlatt til seg sjølve i ein av dei mest sårbare fasane i livet.

Utvalet ber om ein klar styrking av barselomsorga – både ved sjukehusa og i kommunane.

Jordmorforbundets krav får støtte i NOU-en

Rapporten støttar fleire av dei tiltaka Jordmorforbundet NSF lenge har kjempa for:

Auka bemanning og betre bruk av jordmorressursane

Jordmødrer skal vere til stades i nok tal og med rett kompetanse – både i føde- og barselomsorga.

✔ Utvide tilgong og endre prioritering i høve assistert befruktning

Mellom anna med å dekke kostnadar på linje med andre helsetenester.

Delt stilling mellom sjukehus og kommune

Utvalet opnar for at same jordmor kan jobbe både i svangerskap, fødsel og barsel – eit viktig grep for kontinuitet og rekruttering.

Førebygging av psykisk uhelse i svangerskap og barsel

Fleire kvinner slit psykisk i overgang til foreldreskap. NOU-en vil ha betre kartlegging og betre samhandling.

Gratis og standardiserte fødselsførebuande kurs

Særleg for førstegangsfødande – og med særleg fokus på kvinner med låg helsekompetanse og utanlandsfødte kvinner.

Styrkt pregravid helse

Unge må få kunnskap om fertilitet, alder og livsstil – og helsepersonell må få kompetanseheving.

Øyremerke 150 millionar kroner

Utvalet støttar Kvinnehelseutvalet sitt forslag om å øyremerke 150 millionar kroner for å styrke svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga.

Nokon forslag Jordmorforbundet ikkje stiller seg bak er å vurdere om fyrste konsultasjon i svangerskap bør ligge hos fastlege. Dette begrunna med frigjering av ressursar til barselomsorg. Samt å ta ned tidsramme på allereie godt etablerte konsultasjonar i svangerskapsomsorga. Det er ikkje slik ein bør løyse betre barselomsorg. Kvinnene bør også få velge sjølv om dei vil gå til fastlege eller jordmor. Og vi veit at kontinuitet, samt god tid er viktig!

Lenke til heile NOU 2:2026 finn du her:
https://www.regjeringen.no/contentassets/a931edce166d4f5fb0dd282e5149784b/no/pdfs/nou202620260002000dddpdfs.pdf