Vi har altså no danna lokalgrupper i alle fylke. Det vil seie at alle fylkeskontora i NSF har ei lokal jordmor dei kan ta kontakt med - og alle medlemmer har ei lokal jordmor dei kan nytte. Sjølvom ein sjølvsagt kan ta direkte kontakt med oss.
Lokalgrupper syter også for lokal aktivitet. Men fleire av Noregs fylker er arealmessig store og sjølv om det skjer mykje i Bergen, vil ikkje nødvendigvis jordmødrene i Førde ha glede av dette (til dømes). Men hugs at du likevel kan ta kontakt med di lokalgruppe for å søke om midar til aktivitet der du bur, eller for å ha desentraliserte styremedlemmar.
Vi har også fordelt dei ulike fylka på ulike landsstyremedlemmar, som har eit spesifikt ansvar for sitt område.
Christina Nordkvelde - Vestfold og Buskerud
Anita Hoel- Østfold
Trude Fostervold - Telemark
Anna Hoel – Troms og Norland
Eva Christina Furskog Risa – Agder og Rogaland
Sara Fugledal Wiik - Møre og Romsdal og Vestlandet
Kristiane Huseby - Finnmark
Mina Hansen - Oslo og Innlandet
Tone Moksnes - Trøndelag
Trude Levorstad – Akershus
Lokalgruppeleiarar i dei ulike fylka finn du under "finn din lokale representant" på framsida.