Overgangsalder og kvinnehelse på agendaen. 

sara og nina-m

Foto: M. Myklebust Jordmorforbundet NSF møtte med leiar Sara Fugledal Wiik, seniorrådgivar Nina-Merete Kristensen og Malin Myklebust frå høvesvis forhandlingsavdelinga og fag- og helsepolitisk avdeling i NSF.

Eit viktig tema vart i dag løfta fram av Høgre si stortingsgruppe. Jordmorforbundet NSF deltok med eit viktig innlegg og støtta eit godt representantforslag som no ligg føre

- Jordmødre har lang erfaring med å møte kvinner i livsfasar prega av store hormonelle endringar. Vi påstår ikkje at jordmødre skal ta over ansvaret for overgangsalderen, men vi står klare til å bidra der det er naturleg – i samarbeid med fastlegar og andre faggrupper. Mange kvinner etterspør meir kunnskap, meir tid og betre oppfølging, og her kan jordmødre vere ein del av løysinga. Vi ønskjer å vere på tilbodssida og bidra til eit breiare kunnskapsløft i befolkninga om kvinnehelse gjennom heile livsløpet. 

Vi står framfor eit generasjonsskifte. Ein tredel av jordmødrene er over 55 år. Vi må behalde dei lenger i jobb – både for kompetansen dei sit på og for å sikre kapasitet. Arbeidsplassane må tilpassast kvinner i andre halvdel av yrkeslivet. • Jordmødrer er både befolkninga og tenesteytarane. Dei skal sjølve stå i jobb gjennom overgangsalderen, samstundes som dei skal hjelpe andre. Difor må arbeidsvilkår og kompetanse styrkjast.  

Kvinnehelse er eit nasjonalt satsingsområde – men må følgjast opp i praksis. Overgangsalder er ikkje ein sjukdom, men mange får plager som krev hjelp. Likeverdige og tilgjengelege tenester må byggjast ut, og jordmødrer er ein ressurs.   

Medisinmangel rammar kvinner hardt. Ustabil tilgang på hormonbehandling påverkar helse, familieliv og deltaking i arbeidslivet. Dette må takast på alvor i helseberedskapen. 

Jordmorforbundet oppmodar deg som medlem til å melde inn saker til landsstyret om tematikken overgangsalder, anten knytt til jordmorfaget spesielt eller interessepolitisk. Bidrag gjerne med døme frå arbeidsplassen der tiltak og tilpassingar fungerer – eller der dei blir sakna. Kva ønskjer du som medlem at Jordmorforbundet skal arbeide med innan dette temaet?

Jordmorforbundet har per i dag ikkje vedteken politikk på dette området, men ser det som eit svært viktig felt som rører ved medlemmene både privat og i arbeidslivet, anten det gjeld ein sjølv eller kollegaer