Vi som skulle streike for betre løn

Linda Lavik

100 medlemmer i kommunane var klare til å gå ut i streik, men det vart ikkje noko av. Eg var superklar til å gå ut i ein lovleg og veldig nødvendig arbeidskamp for noko som er større enn oss sjølv. Midt i pandemien og midt i den dårlege bemanninga i sjukeheimar og heimesjukepleie, sto heile NSF på startstreken. Våre ledestjerner Lill, Silje og Kai Øivind har kjempa for medlemmane med nebb og klør. De valgte 5 timar på overtid, å godta oppgjeret. Nokon spør korleis dette kunne skje og har NSF latt seg lure?

Heile NSF var klare til kamp. Vi har vel aldri vore så klare som denne gongen. Helt frå medlemmane som kjenner utfordringane på kroppen, til hovedtillitsvalgte og vidare til fylkesledelse og forbundsledelse.

Vi var klare, fordi eit lønnsløft er heilt nødvendig. Utfordringane er så store i kommunane at det går på helsa laus. Det mangler sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og dette går ut over tilbodet til barn, unge og eldre. I Norge er vi stolte av eit likeverdig helsetilbud, men det er dette som står i fare no. Mangelen på sjukepleiarar, kan stoppe samfunnet vårt. Vi treng ein sterk helseteneste i heile landet slik at den enkelte kan kjenna tryggleik for seg sjølv og for familien.

Å vere for få på jobben, tærer sterkt på dei som er på jobb. Vi kjenner det på kroppen. Først vert vi frustrerte og så går det etter kvart på helsa laus. Ein av fem sluttar i yrket  før de har gått 10 år. Sjukepleiarar er glade i jobben sin. Men når fagmiljøet er borte, ansvaret for stort og tenesten er på grensa til det uverdige, då er det nok. Det blir ikkje betre av en turnus som ikkje let seg kombinere med familielivet, og ikkje konkurransedyktig løn. Eigen helse kan vi ikkje ofre – det går ei grense sjøl for sjukepleiarar.

NSF har sagt i frå lenge. Det at KS og våre arbeidsgjevarar ikkje har gjort noko med dette- er eit stort feilgrep. Det er skuffande at politikarane ikkje har gripe inn og kjempa for eit likeverdig helsetilbod til folket. Fulle stillingar, kompetanseutvikling og løn i forhold til ansvar og utdanning- det må til – før eller seinare.

Vi var klare til kamp, og vi er fortsatt klare, men vi har valgt å gje KS ein ny sjanse. Vi har fått lovnader som vi har valgt å tru på. KS er enige med oss i at mangelen på sjukepleiarar er eit alvorleg hinder for gode helsetenester. Sjukepleiarmangelen skal leggast til grunn for neste oppgjer. Meklingsresultatet har gitt oss godtgjering til praksisveiledarane, og fleire skal få lønn for videreutdanning. Eit utval skal sjå på tiltak som skal sikre bemanningsstabilitet. Det skal bidra til å behalde, mobilisere og rekruttere sjukepleiarar. Vi skal betre rammevilkåra for ledarane våre. Dette kan ha stor betydning vidare.

NSF har sagt ja til meklinga utan streik, men det var ingen lett beslutning. Eg er skuffa over KS, og eg er skuffa over resultatet i meklinga. Men eg er villig til å gje KS ein ny sjanse, Eg håper dei er kloke nok til å gå i front for ei betre helseteneste når vi møtes til mellomoppgjeret. Det er mykje som står på spel. Vi kjemper for ei likeverdig helseteneste i heile landet- og kommunane må løyse utfordringane og ta ansvar. Betre løn til sjukepleiarane, er ein viktig del av løysninga. KS får ein sjanse til, men vi er klare å gå i streik om vi må.

Helsing Linda Lavik, fylkesleiar i NSF Viken