I 2024 samla NSF inn 72 350 gjennom bruk av solidaritetsbevis – ei ordning der NSF gir pengar til eit prosjekt i staden for å gi gåver.
I 2025 var det NONM som fekk desse pengane, og organisasjonen har jobba for å styrke interndemokratiet og valprosessar fram mot landsmøte og val av ny leiing i 2026.
Organisasjonen har fokusert på å styrke kunnskapen om valprosedyrene i sentrale og lokale strukturar slik som valkomiteen, og hjå regionale og kommunale representantar. På denne måten legg NONM til rette for meir openheit, ansvar og tillit mellom sentralstyret, andre valte representantar og medlemmene i organisasjonen.
NONM understrekar at eit sterkt interndemokrati legg til rette for aktiv deltaking på alle nivå, og medlemmer som er trygge på at interne valprosessar er opne, inkluderande og gjennomført på ein riktig måte.
The National Organisation of Nurses and Midwives of Malawi (NONM) har vore NSF sin partnar i bistandssamarbeidet sidan 2006. Saman har vi jobba for å styrke organisasjonen, og bygge kapasitet på økonomistyring, styrke organisasjonsstrukturen og politisk påverkingsarbeid.